I ein artikkel i Dag og Tid 10. januar 2025 fortalde Vidar Ystad at Midtausten-eksperten professor Hilde Henriksen Waage hadde funne dokument frå Oslo-prosessen i israelske arkiv, og at Utanriksdepartementet for første gong hadde vedgått at dokument frå denne viktige prosessen mangla i deira eige arkiv.
Oslo-prosessen er namnet dei forhandlingane har fått som leidde fram til avtalane om fred og gjensidig anerkjenning mellom staten Israel og palestinarane i 1993 og 1995. Ystad har lenge interessert seg for kvar det har vorte av desse viktige dokumenta, og tok spørsmålet opp i ein annan artikkel i Dag og Tid allereie den 10. januar 2012.
«Korkje UD eller Arkivverket har fylgt opp det ansvaret dei naturleg er pålagde.» Slik konkluderer han om dokumenta som mangla i ein artikkel Dag og Tid den 17. februar 2026.
Denne artikkelen handlar om det som har kome fram etter at diplomatane Mona Juul og Terje Rød-Larsen dukka opp i dei nå så kjende Epstein-dokumenta. Ystad peikar på at Utanriksdepartementet har gjennomført to snuoperasjonar i saka om dokumenta frå prosessen som manglar i arkivet til Utanriksdepartementet. Den første skjedde våren 2006, den andre i desember 2024.
Artikkelen byggjer på uttalelsar av Terje Rød-Larsen sjølv, Utanriksdepartementet, Riksarkivet, Midtaust-ekspert professor Hilde Henriksen Waage, tidlegare riksarkivar professor John Herstad, og forvaltningsekspert professor Jan Fridthjof Bernt.
I konklusjonen i ein ny artikkel same stad fortel Ystad to dagar seinare at då han spurde Jonas Gahr Støre i 2024 om » … han stansa pågangen mot Terje Rød-Larsen i 2006 av di han ville dra nytte av Rød-Larsens nettverk», svarte Støre korkje ja eller nei, men «ingen kommentar». Denne artikkelen sluttar med at «No kan han rekne med å få spørsmålet på ny – frå kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget.»
Vidar var i krinsen rundt Ottar Brox som student, og han har etter det har hatt ei lang fartstid som journalist i m.a. Bergens Tidende og Dag og Tid. Han har interessert seg for det som skjedde med dokumentasjonen frå Oslo-prosessen sidan tidleg 2000-tal.
Lenker til dei tre siste artiklane i Dag og Tid finn du på desse lenkene:
Den frå januar 2025 finn du ved i klikka HER,
den frå 17. februar 2026 ligg HER,
og den frå 19. februar 2026 er HER!
Legg igjen en kommentar