Vekst er ikkje problemet

av Jon Naustdalslid.

Ottar Brox-seminaret den 31.08.2024 hadde ein del som vart kalla Vekstparadigmet. Temaet for mitt innlegg i denne delen var klimaproblemet og den økonomiske veksten.

Dette er eitt av dei mest omstridde spørsmål i dagens klima- og miljødebatt. Det er ingen tvil om at det historisk er ein tett samanheng mellom økonomisk vekst og utsleppet av klimagassar, først og fremst CO2. Økonomisk vekst krev energi, og så lenge energi for det aller meste er karbonbasert i form av kol, olje og gass, vil det vere ein tett og nødvendig samanheng mellom økonomisk vekst og utslepp av klimagassar. Dette har fått store delar av miljørørsla til å hevde at for å redde verda fra klimaøkologisk kollaps, må vi redusere, og helst reversere den økonomiske veksten. Vi må tilbake til samfunn i «balanse» med naturen, gjerne referert til som nedvekst eller «degrowth». Vi må med andre ord tilpasse oss ein enklare og mindre energikrevjande livsstil, blir det hevda. Min påstand er at svaret ikkje er å gå tilbake til eit lågenergisamfunn. Verda har ikkje overforbruk av energi, Verda har eit stort underforbruk av energi. Utfordringa er å styre mot eit samfunn basert på utsleppsfri energi der også dei fattige delane av verda får vere med. Det vil krevje mykje meir energi og fortsatt økonomisk vekst. Det er ikkje veksten som er problemet. Økonomisk vekst er tvert om ein del av svaret, både på klimaproblemet og på mange av dei andre store problema som verda står overfor.

Ettersom dette er eit Ottar Brox seminar, vil eg ta utgangspunkt i Ottar Brox si bok om klimatrusselen og demokratiet fra 2009. Ottar var min gode kollega ved Norsk institutt for by- og regionforskning (NIBR) gjennom 25 år, og han var ein av dei første tunge samfunnsforskarane som for alvor problematiserte klimapolitikken og ikkje berre klimaproblemet. Dette gjorde han i boka Klimakrisen. Hva kan vi gjøre? fra 2009. Tittelen kan oppfattast som ein parafrase over Lenins pamflett 100 år tidlegare: «Kva må gjerast?» Held vi dei to titlane opp mot kvarandre, ser vi likevel ein slåande kontrast, som også er relevant for dagens klimadebatt. For Brox var spørsmålet kva som KAN gjerast. For Lenin var spørsmålet kva som MÅ gjerast.

Store delar av dagens miljø- og klimarørsla verkar å stå nærmare Lenin enn dei står Ottar Brox . Dei fleste som argumenterer for nedvekst for å stanse klimaendringane, har neppe tatt inn over seg den leninistiske lærdomen at det som dei meiner MÅ gjerast, svært ofte ikkje KAN gjerast innafor demokratiet. Her er det noko av lærdomen fra Lenin som ikkje alle klima- og miljøaktivistar – og heller ikkje alle forskarar – har fått med seg.

Alt i forordet til boka set Brox grensene for ein  demokratisk gjennomførbar klimapolitikk:

  • «Først og fremst håper jeg at denne boka kan fungere som en effektiv avliving av en oppfatning som svært forskjellige deltakere i debatten gjør sitt beste for å spre: At kampen for en vedlikeholdbar verden nødvendigvis må koste oss alle «blod, svette og tårer» og tvinge på oss en livsstil som moderne mennesker vil ha store problemer med å holde ut.»

I eit demokrati kan ikkje politikarane gjere som Greta Thunberg krev; gjere det politisk umoglege. Så kan ein diskutere ein del av Brox sine praktiske forslag. Det er likevel ikkje poenget. Den grunnleggande innsikta som det er viktig å ta med seg, er at ein klimapolitikk som skal få demokratisk aksept, må så langt råd er bygge på vinn-vinn tiltak, ikkje på tiltak som gjer kvardagen vanskelegare for folk flest.

Brox var da også tvungen til å ta avstand fra sin gamle venn Hartvig Sætra. I boka si, Jamvektssamfunnet er ikkje noko urtete-selskap fra 1990, parafraserte Sætra på si side Mao Zedung: «Revolusjonen er ikkje noko teselskap». Men i motsetnad til Brox var han samd med Mao om at revolusjonen var nødvendig og kravde eit diktatur. Dette var mens verda framleis venta på det økologiske samanbrotet etter at Romaklubben og Jørgen Randers hadde varsla verdas økologisk samanbrot. For å redde oss fra undergangen, måtte vi la oss styre av eit «kompetent overnasjonalt organ av økologar» og kontrollere folket gjennom eit «tidsavgrensa opplyst økologisk diktatur». Brox aksepterte ikkje dette. Han heldt fast på demokratiet og han avviste ein nedvekstpolitikk som ville ha kravd tilsidesetting av demokratiet.

Den amerikanske statsvitaren og klimapolitikk-forskaren Roger Pielke Jr. har formulert det han kallar «Klimapolitikkens jarnlov»: Når politikk retta mot økonomisk vekst kjem i konflikt med politikk retta mot reduksjon av klimagass-utslepp, er det økonomisk vekst som vil vinne kvar einaste gong. Det betyr ikkje at det ikkje er rom for tiltak som kan bremse økonomisk vekst. Men dersom resesjon og «nedvekst» truar, vinn alltid veksten.

Ein miljøpolitikar som har forstått dette, er Grønt-politikar og økonom Per Espen Stoknes. Dei som ikkje trur på meg og Pielke, trur kanskje lettare på Stoknes.

  • «(R)esesjon (degrowth) er uønsket for oss av mange grunner; særlig fordi man da får raskt økende arbeidsledighet, mer sosial ulikhet, brått fallende investeringsnivåer og uhåndterlige gjeldssituasjoner. En politikk som forårsaker resesjon ved brått å nekte borgere flytrafikk, bilkjøring, kjøttspising eller petroleumsproduksjon, vil slik gi massivt sosialt og politisk tilbakeslag for grønn politikk.» https://www.harvestmagazine.no/pan/er-gronn-vekst-en-illusjon

Som eit motsvar til dei som trur at verda kan reddast gjennom nedvekst, skreiv Stoknes boka Grønn vekst. En sunn økonomi for det 21. århundre. Her er det også forslag og argument som kan diskuterast, men det viktige er at det ikkje er veksten som er problemet, men kva for vekst. Dersom Norge, og resten av verda, skal omstillast fra ein karbonbasert til ein karbonnøytral økonomi, vil det krevjast store investeringar i mellom anna utsleppsfri energi, omstilling av industriproduksjonen, omstilling av transportsektoren og mykje anna. Nedvekst vil ikkje berre låse verda fast i karbonøkonomien, det vil også halde dei fattige delane av verda nede i fattigdom.

I global samanheng fekk vi illustrert kva nedvekst betyr under Corona-pandemien: Etter fleire ti-år der den globale økonomiske veksten hadde heva hundretals millionar menneske ut av ekstrem fattigdom, førde nedveksten som følgje av Corona-pandemien til at 150 millionar menneske blei sette tilbake til ekstrem fattigdom, ifølgje Verdsbanken. Framleis slit verda med etterdønningane av den økonomiske tilbakegangen som pandemien betydde.

Det er ikkje nedvekst og velferdstap, men økonomisk vekst som må til for å drive fram teknologisk utvikling og innovasjonar som kan snu utviklinga. Ifølgje den engelske forskaren, forskingssjef for den store databasen «Our World in Data» og forfattaren av boka Not the End of The World, Hannah Ritchie, så ER likevel utviklinga i ferd med å snu, nettopp på grunn av ein økonomisk vekst og teknologiske framsteg som har sett det globale samfunnet i stand til å møte mange av dei sosiale og miljømessige utfordringane verda står overfor.

Luftforureiningar minkar, verda produserer meir mat enn nokon gong og kan i prinsippet brødfø dobbelt så mange menneske som i dag. Eit meir produktivt landbruk gjer også at verda produserer meir mat på mindre areal, noko som gjer at dei skogdekte areala faktisk er i vekst. Kloden er grønare enn nokon gong etter den industrielle revolusjonen. Å få ned klimautsleppa har tatt lenger tid enn politikarane har sett seg som målsetting, men utviklinga av utsleppsfri energi går nå raskare enn nokon gong. Og i vår rike del av verda har vi også makta å frikople økonomisk vekst og utslepp av klimagassar. Det er nemleg her utsleppa trass i alt går ned, saman med ein meir eller mindre jamn økonomisk vekst dei siste ti-åra. På dei fleste område ser vi ei positiv utvikling. Vår generasjon, skriv Ritchie, kan bli den første generasjonen i menneskas historie som kan bygge ein berekraftig planet. 

Det er likevel eit avgjerande vilkår for dette at den økonomiske veksten held fram og fortsett får drive ei teknologisk utvikling og skape innovasjonar og teknologiske nyvinningar som er nødvendige for å erstatte karbonbasert med utsleppsfri energi, og som også kjem dei fattigare delane av verda til gode.

Førestillinga om at vegen mot ei meir berekraftig utvikling går via økonomisk nedvekst og tilbakevending til eit samfunn med mindre energibruk og eit enklare liv, er ikkje meiningsfylt. Desse samfunna var ikkje berekraftige. Samfunn der framimot halvparten av alle barn døyr før fylte fem år, var ikkje berekraftige. Ny teknologi og økonomisk kapasitet har gjort det mogleg for den rike delen av verda å frikople eit godt liv fra eit liv som raserer miljøet. I rike land i dag går karbonutslepp, energibruk per capita, avskoging, gjødselbruk, overfiske, plastforureining og luftforureining ned, samtidig som desse landa stendig blir rikare. «Tanken om at desse landa var meir berekraftige da dei var fattigare, er rett og slett ikkje sant», skriv Ritchie (s. 34).

Skulle vi brødfø dagens globale befolkning med meir tradisjonelt og organisk landbruk, ville vi måtte rasere store delar av verdas skogar for å få nok areal, med dei konsekvensar det ville få for naturen og for biologisk mangfald. Vi er snart 8 milliardar menneske – på veg mot 10 milliardar. Kloden er ikkje stor nok til at vi kan satse på nedvekst som klima- og miljøstrategi.

Nedvekst-tilhengarar argumenterer gjerne med at dersom vi kombinerer nedvekst med fordeling av den rike verdas overflod til fattige land, ville vi kunne redde miljøet og gjere alle «passeleg rike». Dersom dette hadde vore politisk mogleg og verda skulle løfte alle folk ut av fattigdom med ei inntektsfordeling som i Danmark, ville det krevje ei firedobling av verdsøkonomien, har Richie rekna ut.

Så kan ein tenke seg korleis det ville bli kombinert med nedvekst. Dersom nedvekst-strategien skulle bli forsøkt sett ut i livet, ville det ikkje berre krevje eit diktatorisk globalt styre, det ville også vere tale om å skape ei verd der alle er fattige. Ei slik verd ville låse kloden fast i karbonøkonomien, fortsette rasering av det biologiske mangfaldet, rasere verdas skogar og igjen auke talet på døde på grunn av luftforureiningar fra dagens ca. sju millionar per år. Hugs at verdas befolkning vil fortsette å vekse. Og hugs at i tillegg til naturøydeleggingane som dette alternativ ville innebere, ville talet på ekstremt fattige i verda auke med hundretals millionar.

Vi får med andre ord håpe at utviklinga vi kan sjå konturane av ikkje snur, at dei problema vi opplever i verda i dag ikkje fører oss tilbake til ei verd som er fattigare, som manglar ressursar til å møte dei alvorlege klimaendringane vi kan sjå for oss, og som hindrar oss i å bli den første generasjonen som kan skape ein berekraftig planet. Det som først og fremst vil krevjast, er fortgang i utviklinga av utsleppsfri energi, investeringar i miljø- og klimavennleg teknologi, og at land i den tredje verda som i dag er haldne nede av dårlege og korrupte leiarar utviklar styresett som kan skape vekst og utvikling.


Publisert

i

av

Stikkord:

Kommentarer

3 kommentarer til “Vekst er ikkje problemet”

  1. Erling Berge avatar
    Erling Berge

    Eg er jo heilt einig i utgangspunktet. Det er ikkje farbart å ta vegen attende til steinalderen.
    Men vurdert ut frå korleis avisene rapporterer om stoda i verda i dag ser det ut til at det ikkje er vekst i miljø- og klimavennleg teknologi som er på trappene. Det er vekst i våpenproduksjon som kjem først.
    Konsekvensane av klimaendringane har byrja vise seg både i form av skogbrannar, tørke, varme og flaum. Det er neppe utruleg at dette får verknader både i form av matmangel og krig. Den store krigen i Ukraina har energiforsyniga i landet som eit viktig mål. Eit første forsvar er nok å ha gammaldags brensel som reserve. Om ein kjem så lang som til å bygge opp igjen Ukraina spørs det om ein har økonomi til å byggje eit system utan karbonutslepp. Det ser ikkje lyst ut. Men eg er jo i grunnen ein prinsipiell pessimist.

  2. Sølve Sandaker avatar
    Sølve Sandaker

    Her er det nok i en datofeil i ingressen. 31.10.24 har vi ikke kommet til enda.

    For øvrig en interessant artikkel som virker noe ensidig. Hvem ønsker nå diktatur og tilbakevending til tidligere tider? Det som trengs er STØRRE vekt på reellt demokrati, og folks eget ansvar for å redusere/ikke øke sine utslipp – særlig i denne fasen vi er i, stans i krigene (som Erling Berge formodentlig også mener), og raskere omstilling til lavutslipp, nullutslipp og vern om naturen.

    1. Jon Naustdalslid avatar
      Jon Naustdalslid

      Eg skriv ikkje at dei som argumenterer for nedvekst ønsker diktatur, men at nedvekst, slik dei går inn for, ikkje kan realiserast innafor demokratiet.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *