I slutten av april var hamnene i Hammerfest, Honningsvåg, Kjøllefjord og Vardø blokkert av fiskebåtar. I Hammerfest og Honningsvåg førte aksjonane til at Hurtigruta ikkje kunne legga til kai, slik at skipa måtte segla utanom.
Bakgrunnen for aksjonane var kvotemeldinga som nett var vedtatt i Stortinget. Aksjonistane si oppfatning var at denne ville ha store negative følgjer, ikkje berre for fiskarane, men også gjennom ringverknader på både sysselsetjing og busetjing langs kysten.
Sjølv om det var stor oppslutnad om aksjonane, vart dei så godt som ikkje nemnt i riksmedia. Men du kan lesa meir om dei i denne saka på nettsidene til NRK i Troms og Finnmark.
Legg igjen en kommentar