To bøker om bærekraftig planet

Jon Naustdalslid har ein omtale av eit par bøker om to vegar til ein bærekraftig planet.

Den første, «Earth for All. A Survival guide for Humanity» er ein oppfølgjar av rapporten «Limits to Growth» frå 1972, som vekte stor oppsikt då han kom. Professor Jørgen Randers var leiande forfattar av den første, som var skriven av forskarar ved det amerikanske universitetet MIT – og han er også leiande forfatar av denne oppfølgjaren frå 2022.

Den andre boka er «Not the End of the World. How we can be the first generation to build a sustainable world» av Hannah Ritchie, seniorforskar i «Programme for Global Development» ved Oxford og forskingssjef for databasen «Our World in Data».

Desse bøkene går i djupna på dei miljøproblema som vi har nå, og som veks dag for dag, og kva som kan gjerast med dei. Du finn heile omtalen til Naustdalslid på nettsidene til Agenda magasin.


Publisert

i

av

Stikkord:

Kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *