Ranet langs kysten, og havbiologien

– Er det storkapitalen eller kystfolket som skal være styrende i fiskeripolitikken? spør Ragnar Nilsen i ein artikkel i Klassekampen frå 24. august 2023, og held fram:
– Det er på tide at regjeringa gir et svar i den kommende kvotemeldinga. Grunnen til dette er slik: Fordeling og langsiktig bærekraft av det som i dag nok er verdens rikeste kystnære fiskeressurser, fordrer spredt mottak av den dagferske høykvalitetsfisken som kystflåten nå står for levering av. Trålarar som opprinneleg fikk leveringsplikt med sin store fangstkapasitet, har for lengst sviktet industrien.

Her er lenke til artikkelen, for dei som kjem inn bak betalingsmuren.

I ein annan artikkel i Klassekampen, denne gongen datert 23. september 2024, reiser Ragnar, saman med Arne Pedersen, Sofie Osland og Britha Stavang Berg frå Fisk- og kystalliansen, spørsmålet om det er dei levande organismene i havet som knekker gytebestanden, eller om det er forvaltninga som gjer det. Bakgrunnen er at fiskeriministeren har varsla nedskjæringar i torskekvotene og stopp i drifta for fiskarar og fiskeindustri. Som grunn oppgjev ministeren naturlege svingningar og klimaendringar, men artikkelforfattarane hevdar at det er det menneska gjer, og då særleg trålarar og store fiskefarty, som er den viktigaste årsaka.

Her er lenke til denne artikkelen.


Publisert

i

av

Stikkord:

Kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *