Det 3. Ottar Brox-seminaret blir arrangert fredag den 9. oktober 2026, denne gongen i Tromsø, ved Universitetet i Tromsø, der Ottar Brox virka som professor i «lokalsamfunnets sosiologi» 1972-1984. Sett av datoen!
Brox-forelesinga 2026 blir på seminaret framført av professor Kjell Arne Røvik, kjent frå studiar i organisasjonsvitskap og ein gamal Brox-«elev».
Forøvrig blir det eit rikhaldig program – og (sjølvsagt) sosialt etterspel på Ølhallen.
Ved Brox-seminaret blir også boka INSPIRATOREN – OTTAR BROX SOM FAGPERSON lansert. Boka er redigert av Nils Aarsæther og Svein Jentoft, begge tidlegare tilsette ved fagområdet Samfunnsplanlegging, UiT. Boka har bidrag frå 19 fagpersonar som kommenterer og følger opp Brox sin faglege innsats gjennom 60 år. Den blir utgitt på Orkana forlag i Stamsund, og seminardeltakarar vil kunne kjøpe den til redusert pris.
Seminaret vil bli strøyma.
Tromsø er eit ettertrakta turistmål, så ein må vere ute i god tid for å få rimeleg pris på overnatting og reise. Det går ikkje tog til Tromsø, Narvik er næraste stasjon og då må ein reise via Sverige.
Legg igjen en kommentar