30. august inviterer vi til ei markering og djupdykk i Ottar Brox sitt politiske og faglige arbeid. Mange av spørsmåla Brox tok opp står enno ubesvarte.
Derfor arrangerer vi eit seminar der tidlegare kollegaer, forskarar og politikarar blir utfordra på nøkkelspørsmålet:
Korleis få med seg folk på ein politikk som tar vare på både Norge og
planeten i tida som kjem?
Seminaret skal belysa Ottar Brox sitt prosjekt. Bidragsytarar er kollegaer frå Tromsø-miljøet og forskarar på miljø -og klimafeltet.
Opplegget 30. august har to delar. Først eit fagseminar på Oslo Met (kl. 12.30-15.30) der utgangspunktet er miljø- og klimakrisa. Overskrifta for seminaret er:
Går det an å snu utviklinga?
Etter seminaret innbyr Klassekampen til debatt på Dattera til Hagen, ein pub ved Grønland T-banestasjon. Vi stiller spørsmålet: Er rødgrønn samling mulig? Meir informasjon kjem, sjå gjerne denne posten her på bloggen for oppdatert informasjon.
I fagseminaret har Ragnar Nilsen, Knut Heen, Einar Arne Drivenes og Nils Aarsæther innlegg om berekraftig ressurs- og fiskeripolitikk, om å bygge landet med bureising, og om kommunen som ankerfeste i utkant-Noreg. Anders Breidlid, Tone Smith og Jon Naustdalslid diskuterer vekstparadigmet, der eit sentralt spørsmål er: «Har dei raud-grøne politikarane svikta i klimakampen?».
Politikarar frå dei raudgrøne partia blir invitert til å delta i Ottar-Brox seminaret 30. august, både på Oslo Met og pubdebatten i etterkant.
For informasjon om Ottar-Brox-seminaret ta kontakt:
OsloMet: Anders Breidlid, tlf 90952648 andersb@oslomet.no,
Audgunn Oltedal, tlf. 924 50 454 audgunn@oslomet.no
Tankesmia populo.no. Nils Aarsæther, tlf 48 27 68 60 nils.aarsether@uit.no
Klassekampen: Ingvild Haraldsen, tlf. 92201715 ingvildh@klassekampen.no
(Annonse om Ottar Brox-seminaret kjem i Klassekampen i august.)
Legg igjen en kommentar