Ottar Brox-seminar den 30. august på OsloMet

Eit sjeldant høve til å finna ut meir om eit nøkkelspørsmål for vår tid kjem i Oslo den 30. august. Spørsmålet er: Korleis få med seg folk på ein politikk som tek vare på både Noreg og planeten vår i tida som kjem?

Den 30. august er fødselsdagen til samfunnsforskaren Ottar Brox, som var ein føregangsmann for tenking på dette området. Det er Klassekampen, tankesmia populo.no og Fagsenteret for seniorar ved Oslo Met som markerer dagen ved å invitera til seminar frå klokka 12:30 til 15:30 på rom P16 i Eva Balkes hus, Oslo Met, gateadresse Pilestredet 48.

Dei som skal  svara på spørsmålet er tidlegare kollegaer av Brox, forskarar med lang og djup erfaring med og kunnskap om økonomi og om primærnæring i utlandet og i norske utkantar – og leiande politikarar.

Etter seminaret byr Klassekampen på en pubdebatt på Dattera til Hagen. Vi stiller spørsmålet: Er raudgrøn samling mulig?

Meir informasjon kjem når detaljane er på plass!


Publisert

i

av

Stikkord:

Kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *