Ottar Brox og NIBR

av Arvid Hallén.

Kort minnetale på Ottar Brox-seminaret på OsloMet 29 aug 2024.

Eg møtte Ottar Brox på antropologi i Bergen allerede i 1972. Eg huskar særleg då han kom frå eit opphald i Chile og innleia på eit seminar om utviklinga i landet under Allende.

Innleiinga gjorde sterkt inntrykk. Han hadde ei skarp og klar samfunnsfaglig analytisk tilnærming. Samtidig var den dagsaktuell og treffsikker. Han frykta at Allende kunne falle for eit kupp.

Mange år seinare fekk gleden av å ha han som kollega på NIBR i ti år. Eg var instituttsjef og sette umåteleg stor pris på å ha ei slik fagleg kraft i miljøet. Brox var knytt til instituttet i meir enn 30 år. Han hadde ein nokså fri stilling, i eit miljø der kravet til oppdragdsinntening var stort og Ottar var enormt produktiv.

Det var med NIBR som base han publiserte dei fleste av sine ca. 25 bøker og mange hundre artiklar og debattinnlegg. Da han blei pensjonist i 2001 fortsette han i meir enn 15 år i ei emeritus-stilling.

Først i 2016, 84 år gammal avslutta han engasjementet ved NIBR med boka «På vei mot et postindustrielt klassesamfunn». Her er temaet det som var det gjennomgåande temaet i heile Brox si forsking og forfattarskap, forsvaret for eit egalitært samfunn, slik Jon Naustdalslid skriv i sin nekrolog over Ottar.

Ottar var eit kraftsenter i alle samtaler rundt eit lunsjbord eller på eit seminar.  Han hadde idear, perspektiv og kritiske analyser.

Ikkje minst var han opptatt av at samfunnsforskninga skulle vere relevant og bidra til å utvikle og reformere samfunnet. Detet var hans drivkraft. Derfor var han også bekymra for at mye av den såkalte anvendte samfunnsforskninga etter hans syn ikkje var anvendeleg.

Han skreiv ei metodebok for å bidra til å trekke forskinga i den retning han meinte den burde gå. Boka hette Praktisk samfunnsvitenskap og kom i 1995 det året eg slutta på NIBR og Jon Naustdalslid overtok direktørstolen.

Boka Praktisk samfunnsvitenskap fekk nok sin betydning, men eg trur han hadde håpa på enda større gjennomslag. Mange av hans eigne analyser tok opp samfunnsaktuelle temaer og gav viktige innsikter. Og sjølv om han gjerne skulle hatt større politisk gjennomslag enn han fekk, så var han utretteleg til det siste.

Eg fekk gleden av å møte han til samtaler fleire gonger også dei aller siste åra. Og det slo meg kor sterkt engasjementet hans fortsatt var, han hadde ennå mange idear til prosjekt og ein sterk vilje til å bidra med nye vesentlige innsikter.

I alle åra ved NIBR var han ei offentleg stemme med stor intellektuell kraft og evne til å inspirere og utfordre. Det var eit privilegium for instituttet å ha han i miljøet.


Publisert

i

av

Stikkord:

Kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *