Nils Aarsæther la ut dette på Facebook den 16. februar 2024:
I kveld, fredag 16.februar 2024 gjekk Ottar Brox bort. Her er eit bilde med Ottar i godt lag, utanfor Litteraturhuset i Oslo i juni 2023. Han inspirerte oss venstrepopulistar heilt til det siste. (Frå venstre Hans Pedersen, Ingvar Botnen, Helge Ramsdal, Audgunn Oltedal – og Ottar). Vi lyser fred over Ottar sitt minne.

For meir om karrieren til Ottar, sjå Andreas Hompland sin artikkel om han i Store Norske Leksikon.
Mange frå studentmiljøet og dei populistiske arbeidsgruppene i Bergen følgde med Ottar då han vart professor i sosiologi ved det nystarta universitetet i Tromsø i 1972, og Nils Aarsæther, nå professor emeritus i samfunnsplanlegging same staden, er ein av desse. Ein annan av dei som reiste var Jan Einar Reiersen, som saman med Nils har skrive dette minneordet om Ottar i Vesterålens Blad.
Nok ein av dei som følgde med Ottar til Tromsø var Einar Arne Drivenes, nå professor emeritus i historie. Her er ei lenke til ein omtale av Ottar frå han.
Nyhetsavisa for høgare utdanning, Khrono har også ein artikkel om Ottar, skriven av Anne Britt Flemmen, som er dekan ved Fakultetet for humaniora, samfunnsvitenskap og lærerutdanning på Universitetet i Tromsø, og Dag Rune Olsen, som er rektor same staden.
Meir om Ottar sin bortgong: her er lenker til minneord i Nationen, Nordlys, VG, Dag og Tid, på nrk.no og forskning.no.
Klassekampen har hatt fleire omtalar av Ottar: intervju med m.a. Torgeir Knag Fylkesnes og Audgunn Oltedal om han, innlegg ved Kim Pilgaard og minneord frå leiande SVarar.
I same avisa finst også ein artikkel om han av Magne Flemmen, professor i sosiologi ved Universitetet i Oslo, som kan tena som ein introduksjon til livsverket til Ottar. Ein annan artikkel om Ottar med kvalitetar ut over det lokale og kontemporære er skriven av Bernt Hagtvet, professor emeritus ved universitetet i Oslo, og står i Aftenposten.
Legg igjen en kommentar