Vi fekk den triste meldinga frå Vadsø om at Bernt Øivind er gått bort, etter ei tids sjukdom. Bernt Øivind var fødd i Vardø, og etter realskole gjekk han på Lillehammer gymnas, der han traff Ingrid. Bernt Øivind kom med i miljøet kring Populistiske Arbeidsgrupper i 1970, då han studerte samfunnsfag ved Universitetet i Bergen. I 1971 jobba han som fylkessekretær i Folkebevegelsen mot EEC, avd. Hordaland. Bernt Øivind var ikkje den som stod på barrikadane, men han stilte opp, ikkje minst med råd og analyser. Meir enn mange av oss andre var Bernt Øivind i stand til å sjå aktivitetane våre utanfrå, ikkje sjeldan med eit ironisk blikk. Etter studiane var han fast bestemt på å arbeide for fiskerinæringa og for Finnmark, først som sekretær i Norges Fiskarlag, seinare i Finnmark fylke, der han i mange år var assisterande fylkesrådmann. Vadsø er langt borte, men mange av oss heldt kontakten med Bernt Øivind og familien. No er han borte, og vi kjenner på saknet. Vi lyser fred over Bernt Øivinds minne.
Vidar Ystad og Nils Aarsæther
Minneord over Bernt Øivind Bersvendsen (1946 – 2024)
av
Stikkord:
Legg igjen en kommentar