Meir om høgre-populisme

I den engelske avisa The Guardian finn me ein artikkel som går i djupna på eit prosjekt som er omtala i ein tidlegare post her på bloggen. Temaet for prosjektet er ytre høgre og høgrepopulisme. I definisjonen av populisme nyttar både nettstaden og The Guardian definisjonen til Cas Mudde om «tynn ideologi», sjå tidlegare notat her på bloggen.

Artikkelen i The Guardian er interessant avdi han går gjennom mange rørsler som bygger på populistisk mobilisering, og som er ekstreme og/eller som er på ytre høgre side av det politiske spekteret. Så her går det an å læra mykje om kva som går føre seg ute i verdsdelen vår!

Men det er eit fenomen som The Guardian ikkje kjem inn på, men der Aftenposten gjer ein innsats: Unge menn har ein tendens til å gå mot ytre høgre, medan unge kvinner i større grad går til venstre, og til parti med venstrepopulistiske trekk. Og då er neste spørsmål naturligvis: Kvifor det?


Publisert

i

av

Stikkord:

Kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *