Sosiologen, skribenten, forfattaren, forleggaren, geitebonden og debattanten Olav Randen har lagt den følgjande artikkelen, som han hadde på trykk i Klassekampen fredag 10.05.2024, ut på Facebook.
Av fem kaloriar me norske et, er to produserte i Norge og tre i andre land. Me importerte i 2022 55 % av matkornet, 17 % av potetene, alt sukker, 51 % av grønsakene, 95 % av frukt og bær, 19 % av osten, all margarin og 95 % av anna feitt, for å nemne det viktigaste. Og me importerte halvdelen av råvarene i dyrekraftfôret og nesten alt til oppdrettsfisken.
Slik ordnar me oss, sjølv om Norge er eit godt jordbruksland. Det at vekstjorda ligg i mindre lappar mellom fjell og skogkledde åsar, gjer bruk av ho meir arbeidskrevjande enn i mange land, men det gjer også jorda meir robust. Me har ikkje, som Nederland og Bangladesh, matjord som blir borte når verdas havnivå stig. Norske bergartar forvitrar lett, både fordi dei er porøse og fordi frost og is hjelper til, og gir grobotn for plantevekst. Me har hyppige skifte mellom sol og regn, medan mange land har langvarige tørke- og regnperiodar og mistar store mengder vekstjord om tørke og vind kjem samtidig. Og me har vintrar med kulde og frost som held plante- og dyresjukdommar unna, om det også er slik at telen lyftar opp ny stein. Medan mykje av verdas matjord er tynn, jordforskarar snakkar om eit globalt gjennomsnitt på seks tommar, er vår jord mangstad metertjukk, slik det blir når jorda får ro til å byggje seg opp gjennom tusentals år. Kloden blir varmare og varmare, og varmebølgjene drep planter, men me langt unna ekvator blir ikkje så hardt ramma. Frå år 2000 til 2021 har mellom 800 000 og 900 000 km2 matjord på kloden, meir enn det dobbelte av Norges samla areal, vorte øydelagd av menneske eller av naturkrefter, men lite i vårt land utanom matjord som får asfaltdekke eller bustader og fabrikkar over seg.
Det er forståeleg at til dømes Island må importere alt matkorn, for stordelen av jorda der er for skrinn til korn. Det er også forståeleg at Norge må importere ris og kaffi. Men når me importerer over halvdelen av maten våre innbyggjarar, husdyr og oppdrettsfisk et, er det ikkje fordi me manglar naturressursar for matproduksjon, ikkje fordi klimaet hindrar og ikkje fordi me har for lite arbeidskraft. Det er fordi landet har teke det politiske valet å avvikle arbeidskrevjande matproduksjon.
Tidlegare analytikarar brukte ordet primærnæringar om jordbruk, skogbruk og fiske. Me hadde til dømes i 1942 33 % av dei sysselsette i desse næringane, 29 % i sekundærnæringane industri, bygg og anlegg og 38 % i tertiærnæringar. No er fordelinga 2, 20 og 78 %. I dagens tenking er ikkje næringane lenger primære, dei er, iallfall små produsentar, til skade, og matberedskap kan det harselerast med. – Vi må kanskje klare oss uten sukkertøy og smågodt i en krise, men vi har utrolig mye fisk, som Erna Solberg parerte då stortingsrepresentantar etterlyste matberedskap.
Norge legg internasjonal arbeidsdeling og ideen om komparative fordelar til grunn for eigen politikk. Stor rikdom og brutal tapping av lagerressursar er våre fordelar. Matproduksjon i jord som er arbeidskrevjande må skje om ikkje global svolt skal auke, men det er ei oppgåve for verdas fattige. Så kan me rike bruke litt av vårt overskot til å kjøpe mat utanfrå. Slik er vår nykolonialisme.
Vil me i staden medverke til ei god global framtid, er eit av dei viktigaste tiltaka at me – så langt naturen ligg til rette for det – nyttar ut våre gode matressursar og gjer det på måtar som held naturen ved like. Vårt land har økonomi til å velje slik, me har utøvarar i primærnæringane som vil halde fram og ungdommar som ønskjer å nytte arbeidsliv til matproduksjon.
Legg igjen en kommentar