Knut Vadla, som presenterer seg som småbrukar, lærar og blåskjeldyrkar, har ein kronikk om kvotesal i Fiskeribladet, der han mellom anna skriv at
«Fisken treng ikkje fangstast langt til havs med dei dyraste fiskereiskapane som finst. Storparten av fisken må takast under kysten av mindre båtar. Det må ikkje vera krav om at fiske skal vera eine-yrke. Folk har busett seg på vår langstrekte kyst i hundrevis av år for å leva av dei ressursane som er tilgjengelege der.
Fiske må kunna gi både matauk, forteneste og rekreasjon. Vil me ha ein levande kyst må me gi ressursane tilbake til folket som bur på kysten. Elles døyr kysten.»
Legg igjen en kommentar