Kva i #¤&% er populisme for noko?

Eg reknar meg som venstrepopulist. Men eg mistrivst med dei måtane ordet «populisme» vert brukt på. For når folk vert utsett for noko dei finn urimeleg, noko dei ynskjer ei endring i, så er vel kritikken som kjem nedanfrå noko som bør kunna omtalast med respekt?

Dei definisjonane som finst (sjå gjerne Store Norske Leksikon sin artikkel) brukar begrep som «tynn» ideologi (som rett nok kan vera kombinert med andre, «tjukkare» ideologiar), som ein «mobiliseringsstrategi» og som ei «form for politisk kommunikasjon». Felles for desse formene skal vera at det dreier seg om «folket» mot «eliten». Og det er også felles for desse definisjonane av populisme at dei som brukar dei står utanfor, er fjerne for eller vil distansera seg frå det ordet står for. Populisme er noko som ein skal sjå ned på, det er ideen om det uopplyste folket «der ute» ein gjerne vil distansere seg frå når ein nyttar ordet populisme.

Men det er jo slik at folk kan verta utsette for eller frykta press frå krefter som er fjerne frå dei – krefter som ikkje forstår eller har respekt for kva folk dei treng for å leva, for korleis dei lever og for kva som er viktig for dei. Eksempel er:1

  • Utbyggingsplanar frå private utbyggarar på stader med verneverdige bygg og gode miljø, eller naturområde som er viktige for rekreasjon eller har store verneverdiar.
  • Politikarar som vil tilpassa busetnaden i landet til behova til eksportindustrien.
  • Landbruksmyndigheiter som set stadig strengare krav til driftsbygg og miljø for husdyr, og grenser for utnytting av naturressursar på landbrukseigedomar.
  • Seljarar og utleigarar set stadig høgare prisar på bustader, slik at det vert vanskelegare å komma inn på bustadsmarknaden, og stadig dyrare å bu.
  • Næringsinteresser pressar prisane på landbruksprodukt ned og prisane ut til forbrukarane opp, slik at stadig større deler av dei inntektene folk har vert brukt til å kjøpa det dei treng for å leva.
  • Politikarar og næringsliv ønsker å melda landet inn i EU, slik at råderetten vert overført til Brussel.
  • Politikarar og helseføretak som vil sentralisera og legga ned eksisterande helsetilbod, som sjukehus og fødetilbod.

Dei kreftene som skaper presset – private utbyggjarar, tilbydarane i marknader for basisvarer som mat, bustader og energi, myndigheiter som gjerne påberoper seg EU-regelverket, «profesjonelle» politikarar osv. – er det som som vert kalla «elitane».

Og når presset er etablert og folk merkar det, oppstår det eit potensial for mobilisering blant folk, dvs. eit potensial for populisme.

Den eventuelle mobiliseringa kan skje på ulike vis.

Til dømes: I det tilfellet ovanfor der utbyggarar ønsker å bygga eit eller anna – høghus, næringsbygg – kan dei dette går ut over svare med å organisera seg, skaffa motekspertise, finna allierte blant politiske beslutningstakarar, auka forståinga blant desse for kva for verdiar som står på spel, og bygga sosial kapital seg imellom.

Ein slik prosess vil eg kalla venstrepopulistisk, avdi han bygger ned skrankar mellom dei involverte gjennom auka innsikt og forståing. Venstrepopulistisk mobilisering kan, etter mitt syn, finna stad når «elitane» kan identifiserast, slik at dei som vert råka kan nå fram til og få påverka dei. Døme på utslag av venstrepopulistisk mobilisering her til lands er Nei til EU, Bunadsgeriljaen, bevaringa av Sjøgata i Mosjøen, … .

Når det er tilbydarane i marknader som er eliten, er situasjonen meir uoversiktleg og vanskelegare å hanskast med. Dersom inntektene ikkje strekk til, er det vanskelegare for dei som vert råka, og som på grunn av det har eit potensial for populistisk mobilisering, å finna nokon som dei kan organisera seg mot og venda seg til.

Når den eliten som samla sett skapar problema er vanskeleg å identifisera, har ikkje mobiliseringspotensialet ein openberr retning å gå, slik det er når politiske organ kan styra. Dermed opnar det seg mogelegheiter for at energien i det kan utnyttast ved at skinnløysingar vert tilbodne: dei velkjende innvandrarane, eller NAVarar og andre tenkte gratispassasjerar, eller jødane, eller å venda attende til tradisjonelle verdiar, eller vi kan ha einskildpersonar som er sugne på makt, og som t.d. seier at «I alone can fix it».

Det er når det populistiske potensialet er uforløyst, inntil det finn slike kunstige og feilaktige vegar å ta, og fåren oppstår for at autoritære folk kan få makta, at eg vil kalla mobiliseringa høgrepopulistisk.

Ei oppsummering: Eit populistisk potensial oppstår når folk eller folkegrupper vert negativt påverka av interesser som ikkje deler verdiar og/eller livsgrunnlag med dei.

Potensialet kan verta til ei populistisk rørsle.

Når rørsla veit kven som bestemmer, kan ho venda seg til desse med argument, skapa forståing for sine krav, og få stansa eller begrensa den negative påverknaden. Undervegs kan det verta skapt verdifull sosial kapital. Dette er venstrepopulisme.

Når det ikkje er klårt for folk/folkegrupper med eit populistisk potensial i seg kvar dei skal venda seg for å få gjort noko med problema sine, kan rørsler bygga på enkle men feilaktige løysingar, eller einskildpersonar som seier seg å ha slike løysingar, får oppslutnad. Då har vi høgrepopulisme.

Til slutt: Venstrepopulisme er det beste botemidlet mot høgrepopulisme. Så samfunnet bør vera ordna slik at folk veit kvar dei skal venda seg med problem, og ikkje gjennomtrengt av uoversiktlige maktstrukturar!

—————–

1 Det er ikkje slik at rørsler bygde på populistisk mobilisering alltid har rett. Dei kan t.d. koma til å stå mot viktige miljøtiltak, som slikt som har med klima og CO2 å gjera. Men det er eit anna problem, forskjellig frå det som har med kva vi meiner når vi snakkar om populisme å gjera.


Publisert

i

av

Stikkord:

Kommentarer

2 kommentarer til “Kva i #¤&% er populisme for noko?”

  1. Nanna T. Hauksdottir avatar
    Nanna T. Hauksdottir

    Jeg tenker at begrepet populisme er blitt tatt fra oss. Det er vanskelig å engasjere folket med et så utydelig begrep. Et begrep vi må streve med å fin-definere, til forskjell fra høyrepopulismen. Teksten her over viser det tydelig. Det er ikke lett å lage en enkel og forståelig definisjon. Populo – populisme. Det handler jo om folk og folkebevegelse – ikke om i hvilken retning bevegelsen går, eller hvilke verdier den søker. Derfor må det bli høyre versus venstre.
    For meg blir begrepet økososialisme et mye bedre begrep, som allerede i ordet viser til en verdiforankring.
    Hva mener dere? Folket? Er det et begrep som kan erstatte den vanskelige venstrepopulismen?

  2. […] Det kan både føra til både styrking av folkestyret og til at det vert brote ned. Jamfør DENNE saka her på […]

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *