Klimakrise -> høgrepopulisme?

Tiltak som vert sette i verk for å motverke klimaendringane kan verta dyre for bøndene. Så det er ikkje rart om mange av dei opplever slikt som noko som vert pålagt dei utanfrå, med grunnlag i klimaforsking og etter lover vedtekne i parlamenta rundt om av politikarar som står dei fjernt. Dei vert ramma av maktutøving frå ein «elite», med andre ord. Og dette gjev eit potensial for populistisk mobilisering. Slikt har vi sett ein god del av i Europa som følgje av klimavedtak i EU – bønder som blokkerer vegar med traktorane sine, demonstrasjonar framfor nasjonalforsamlingar. Det er truleg at slikt vil vera eit stort problem for vestrepopulistar. Denne lenka til ein artikkel i den engelske avisa The Guardian gjev eit overblikk over det som skjer i Europa, men løysingar på problemet med korleis dei som vert berørde av miljøtiltak skal verta høyrde – korleis mobiliseringa skal verta konstruktiv og venstrepopulistisk, og ikkje kaotisk og høgrepopulistisk – det må vi kanskje venta på ei stund?


Publisert

i

av

Stikkord:

Kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *