– kan det gå godt med eit slikt perspektiv på verda?
Biologane David Sloan Wilson og Dag Hessen ser på verdssamfunnet frå eit evolusjonsbiologisk perspektiv i artikkelen Blueprint for the Global Village i tidsskriftet Cliodynamics: The Journal of Quantitative History and Cultural Evolution frå 2014. Nå, i 2026, er han henta fram i lyset att med overskrifta How Norway Proves Laissez-faire Economics Is Not Just Wrong, It’s Toxic av dei som driv nettstaden Evonomics. Evonomics-folka har som mål å revidera økonomifaget, slik at det vert ein betre reiskap for å løyse dei problema verdssamfunnet står ovafor.
Artikkelen til Wilson og Hessen går verkeleg heile vegen frå dei biologiske cellene til verdssamfunnet, og talar også om kulturell evolusjon som noko som er ein del av den biologiske evolusjonen. På dette, med metaforar frå biologien og med eksempel frå Noreg om kva som kan gå godt og kva som kan gå gale, vert det bygd ein konklusjon om at verda bør formast som ein global «village», der mekanismar for sosial kontroll lik dei vi finn i lokalsamfunn fører til ei rettferdig verd. Artikkelen vert kanskje meir interessant for nordmenn dersom vi byter ordet «village» med ord som «bygd» eller «lokalsamfunn», og blant desse kanskje aller mest dei av oss som interesserer seg for Ottar Brox og venstrepopulisme!
For eit anna perspektiv på kva som kan skapa fellesskap i verda, sjå denne posten her på populo.
Legg igjen en kommentar