Fører utestenging og opprustning  til fred?

Nils Aarsæther reiser dette spørsmålet i Nordnorsk Debatt: Vil meir våpen, opprusting, fleire sanksjonar og null kontakt med Russland verke nå, når det ikkje har verka tidlegare?

I 2014, då Russland annekterte Krim og starta med krigshandlingar i dei ukrainske fylka Donetsk og Luhansk, tenkte eg i min naivitet at Norge kanskje hadde noko å lære resten av Europa. Korleis kunne vi handtere forholdet til Russland, utan å ende i ein krigssituasjon?  Norge hadde erfaringar med russisk busetting på Svalbard, delelinja i Barentshavet, grensesamarbeid folk-til-folk i Sør-Varanger – Nikel og forvaltninga av  felles fiskestammar i Barents/Norskehavet. Det var også planar om felles gassutvinning (Stockmann-feltet).

Norge og Ukraina sin situasjon var på mange måtar forskjellig, men var det noko ved samarbeidet i Nord som kunne ha overføringsverdi til andre delar av Europa? Dette spørsmålet blei imidlertid aldri reist.  Det viste seg raskt at Norges utanriksleiing anså våre eigne erfaringar med Russland som totalt verdilause. Utanriksminister Ine Søreide (Høgre) formulerte så ein «doktrine» for framtidig norsk Russlandspolitikk: Aldri meir ha kontakt med Russland, og bygge ned det regionale og internasjonale samarbeidet til eit absolutt minimum.  

Slik har det gått. Søreide-doktrinen har hatt sterk oppslutting i norske regjeringar og er heilt på linje med den dominerande tenkinga i Vest-Europa og (Biden-)USA. Oppfølginga av denne doktrinen har vore å drive angriparen Russland ut av Ukraina ved hjelp av:

  1. Styrking av  Ukraina sitt forsvar gjennom tilførsel av våpen
  2. Økonomiske sanksjonar for å svekke Russlands økonomi og destabilisere Putin-regimet
  3. Isolere Russland frå Vesten; økonomisk, politisk og diplomatisk

Under leiing av Stoltenberg- NATO har dette vore strategien i snart tre år, og som dei vestlege EU-landa, Storbritannia, Norge og (Biden-) USA, har stått fjellstøtt på. Vi har fått vite, gjennom media, at Ukraina har stor framgang på fronten, at Russland sin økonomi er avgjerande svekka, og at vi greier oss godt utan å ha kontakt med Russland. Og vi fekk også vite at Russland ville vere kasta ut av Ukraina gjennom den ukrainske offensiven sommaren 2023.

Men så var det realitetane då. Russland har bite seg fast på Krym og i fire fylke søraust i Ukraina. Det kostar enorme tap av menneskeliv på begge sider for å halde fram med det som er blitt ein skyttargravskrig. Dei siste to åra har det kanskje vore avfyrt 1 million granatar og  200.000 soldatar har mista livet. utan at frontlinjene har rikka seg meir enn nokre få kilometer. Økonomisk er Russland svekka, men det er også Vest-Europa. For sanksjonane som skulle ramme Russland har også til fulle ramma europeisk næringsliv og befolkning: Rimeleg gass frå Russland er erstatta av dyr gass frå USA (dette er faktisk påpeika i EU sin eigen økonomi-rapport, Draghni-rapporten frå oktober 2024).

I denne situasjonen samlar Europas leiarar seg i München, i Paris og nok ein gong i Paris, for å gjenta Søreide-doktrinen: Meir våpen, opprusting, fleire sanksjonar og null kontakt med Russland. Det har ikkje virka, men europeiske leiarar ser likevel ingen grunn til å tenke nytt.

Den som vågar seg med ytringar i strid med den etablerte doktrinen, får høyre at (1) det vi skriv vil berre glede Putin. Og det blir sagt at (2)  viss vi ikkje følger Søreide, Støre og Stoltenberg, så vil Russland ikkje berre ta Ukraina. Eit påstått sterkt svekka Russland vil då, ironisk nok, ha krefter nok til å angripe NATO-land i Europa, inkludert Norge. Og då blir det atomkrig? Så vi held ofte kjeft.  

Er det rart Trump kan ture fram, gitt den kontraproduktive (unnskyld framandordet) strategien Europa tviheld på?


Publisert

i

av

Stikkord:

Kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *