Det engelske Green Party er i endring

Det engelske Green Party kan kallast eit venstre-øko-populistisk politisk parti. Det har dei siste åra hatt ein ikkje ubetydeleg framgang i eit land der politikken er prega av at representantane i det engelske parlamentet vert valde i einmannskrinsar. Det har nå fire representantar i parlamentet, og over åtte hundre representantar innvalde i lokale styrer rundt om i landet.

I følgje eit samandrag av meiningsmålingar i februar 2026 har dei 16 % oppslutnad. Andre tal frå den same meiningsmålinga er at det liberale partiet Lib Dems har 12 %, det konservative Conservative and Unionist Party har 17 %, arbeidarpartiet Labour har 18 %, og – merk! – det høgrepopulistiske partiet Reform UK, med leiar Nigel Farage, har 27 %.

Mange på den norske venstresida vil kunna kjenna seg att og ha sympati for dette Green Party: Dei vil ha grønare og meir rettferdig boligpolitikk, helse- og omsorg, økonomi, energiforsyning, arbeidsmarknad, sosialpolitikk, landbruks- og matpolitikk, transport, utdanning, med meir. Og dei vil alt i alt ha ei grønare og meir rettferdig verd.

Green Party opererer i eit politisk landskap der veljarane sin oppslutnad om dei tradisjonelle styringspartia Labour og Conservatives er dalande. Samstundes med minskande tillit til den etablerte politikken er det ein god del slikt som gjev potensial for populistisk mobilisering, som aukande bustadprisar, levekostnader og økonomisk ulikskap. Så langt er det Nigel Farage og Reform UK som har vore best til å nytta dette mobiliseringspotensialet.

Men det ser ut til at Green Party, under den nye leiaren Zack Polanski, nå vil trossa dei ideologiske skilnadane, læra av Farage, og freista å nytta potensialet til å få støtte for sin politikk. På ein konferanse hausten 2025 om korleis Reform-partiet kan stoppast var det mange som var positive til arbeidsmåtane til Farage. Dei tok til orde for bruk av enkle bodskap, appell til kjensler og vilje til å provosera. I sin tale til forsamlinga sa Polanski at «hvis Reform går som ein rakett på meiningsmålingane med ein politikk bygd på kjensler av fortviling, så er det på tide for Green Party å gjera det same, men å bygga på kjensler av håp».

For Polanski sjølv er ordet «populist» ei hedersbeteikning. Han vil ta det frå høgrepopulistane, i følgje ei sak på NRK.no, der han også seier dette:

– Definisjonen av populisme er 99 prosent av befolkninga mot ein prosent mektig elite. Både Donald Trump og Nigel Farage (leiaren av Reform UK) tener den mektige eliten. Dei kjem frå den. Eg er ueinig i at dei er populistar.

Polanski vil kalla seg «økopopulist», og bygga ei rørsle som representerer den arbeidslause, arbeidaren, småbedriftsleiaren, migranten og kven det nå måtte væra.

Korleis det går er usikkert. Det har kome til eit nytt moment i engelsk politikk, nemleg kva den tidlegare Labour-leiaren Jeremy Corbyn får til med sitt nystifta sosialistiske parti Your Party. Så det står att å sjå om Green Party vil lukkast med sin politikk.

Politico sitt samandrag av meiningsmålingar for parlamentsvalet i Storbritania finn du HER.

Green Party sine nettsider, der dei presenterer politikken sin, finn du HER.

Denne lenka går til ein artikkel på nettstaden til BBC om utviklinga i Green Party.

NRK si sak om den nye utviklinga i partiet finn du HER.

Meir bakgrunnskunnskap om Green Party og beslekta tema finn du på Wikipedia.


Publisert

i

av

Stikkord:

Kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *