By og land hand i hand – på veg mot ytre høgre

Vi har sett mange bilete frå bondeaksjonar i Europa den siste tida. Grunnane er mange og ulike, men miljøtiltak, byråkrati, dieselprisen og billige importerte varer er blant dei viktigaste. Eitt resultat er at krefter på ytre høgre side i politikken ser eit høve til å skaffe seg oppslutning på bygdene gjennom språkbruk om «fjerne elitar», «radikalt miljøvern» og «diktat frå Bryssel».

Ei anna utvikling, med liknande konsekvensar, ser vi i byane: prisane folk må betala for ein stad å bu stig og stig. Den engelske avisa The Guardian har mange artiklar om dette for tida. I ein av dei vert det beskrive korleis usikkerhet omkring boligsituasjonen også verkar til fordel for ytre høgre sin argumentasjon om t.d. innvandring.

Og konsekvensen er i begge tilfella at det vert stigande gehør for det som vert kalla høgrepopulistisk politisk argumentasjon, og auka oppslutnad om parti på ytre høgre fløy i politikken.


Publisert

i

av

Stikkord:

Kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *