Audgunn Oltedal si innleiing på Ottar Brox-seminaret

Per Arne Olsen frå Fagsenteret for seniorar ved OsloMet innleidde seminaret med kjende tonar frå nord på tverrfløyte. Etter han hadde Audgunn Oltedal, frå tankesmia Populo og OsloMet, desse opningsorda:

Dei opnar opp, tonane frå nord. Fortel om alt vi har som er oss kjært.

Takk til Per Arne Olsen som spelte for oss. Du er leiar for Fagsenteret for seniorar her ved Oslo Met. Fagsenteret saman med tankesmia Populo arrangerer dette Brox-seminaret, som har økonomisk støtte frå Fritt Ord og Norges Forskningsråd.

Velkommen til innleiarar,  velkommen til de som sit i salen og de som fylgjer oss på nett, seminaret vert streama.

Då 1960 åra tok slutt, visste vi det. Miljøkrisa var eit faktum. Jorda toler ikkje vårt forbruk. Dei etablerte partias politikk – med vekt på  vekst og setralisering – bryt ned livsgrunnlaget vårt.

Korleis få med seg folk på ein politikk som tek vare på  både Noreg og planeten? Det er tema for dette seminaret.

Kva kan vi lære av Ottar Brox?

Han brukte sitt miljøengasjement  i politikken, som forskar, som samfunnsdebattant. Han stilte gode spørsmål, han var konkret.

Vi som starta PAG,- Populistiske arbeidsgrupper i Bergen i 1971 las  Ottar Brox si bok ‘Hva skjer i Nord-Norge’. Her var ikkje berre ramsalt kritikk av regjeringas distriktspolitikk og visjon for Noreg, men og ei samfunnsanalyse som vi slutta oss til.

Brox var sentral inspirator for oss.  Vi kom frå sentrumspartia, Venstre, Senterpartiet,Krf, frå SF, uavhengige sosialistar var med. Vi var raud-grøne. 

På 1970-talet hadde ordet populisme mest ein positiv klang.

Berge Furre vektla at nasjonalkjensla hos oss har vore ei kraft  til frigjering for vanlege folk og viste til bondereisinga,arbeidarreisinga, kampen for lokalt sjølstyre og desentralisering. Han meinte at  populisme i røynda var ei vidareføring av ei gamal line i vår historie, den nasjonale, demokratiske lina frå 1814, og at nei-sigeren i  1972  viste livskrafta i denne lina.

Etterkvart fekk ordet ‘populisme’  mest ein negativ klang. Ottar Brox og Hartvig Sætra slutta å kalle seg populistar. Men vi hadde populisme i namnet vårt. I dag kallar vi oss ventrepopulistar. Etter siste samling på Senja i 2022 starta vi tankesmia Populo, der stoff om venstrepopulisme er sentralt.

Vi trur dei raud-grøne alliansane frå tiår attende har noko for seg, også for 2020-åra.


Publisert

i

av

Stikkord:

Kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *