av Nils Aarsæther, Tromsø
Nordlys 25.11.24
Overskrifta er tittelen på boka som Ottar Brox skreiv, tilbake i 1988, tre år etter at han hadde flytta til Oslo. “Ta vare på Norge” er blitt eit høgaktuelt tema i dagens politiske situasjon, for boka gir svar på det mange av oss kan fryktar i tida framover: Eit katastrofevalg for Arbeidarpartiet og Senterpartiet, og ei ny regjering med ein politikk for privatisering og større aksept av sosiale og geografiske forskjellar.
Vi kan anse 2025-valget som tapt
Som venstreside-tilhengar (partilaus) er det trasig å måtte innrømme det, men med all sannsynlegheit går det mot ein brakseier for høgresida ved Stortingsvalet neste år. Frp pg Høgre ligg begge over 20-talet på meiningsmålingane, Venstre er over sperregrensa, AP godt under 20, og SP på 6 prosent.
Vel kan både SV og Rødt gjere eit godt val, men alliansepartnarane SP og AP styrer mot stupet, kanskje til og med med opne auge. For alle som kan sjå og tenke veit kva folk meiner om frisleppet på strømprisen, om elektrifiseringa av Melkøya, undergravinga av kystfisket og dei feilslåtte milliardprosjekta som har brakt det grøne skiftet i vanry. Joda, regjeringa har gjort gode grep i arbeidslivspolitikken og distriktspolitikken, men når dei set sjølve arvesølvet i spel og lar spekulasjonsøkonomien overta prisdanninga på vasskrafta – som gir oss billig og utsleppsfri strøm – så reagerer folk, kraftig.
Kor ligg lojaliteten?
Når ikkje berre Arbeidarpartiet, men også Senterpartiet nektar å snu skuta, må det vere ut av lojalitet til venene i Brussel (AP) og i kraftbransjen (SP). Denne lojaliteten er så sterk at verken Støre eller Vedum lar seg rokke av meiningane til folk flest. Ja, Støre har gått så langt som å seie at skal kraftmarkedet styrast, så må det bli med ein annan statsminister. No vil sjølvsagt ikkje AP og SP at dei folk med små inntekter skal fryse: Dei går for utvida strøm- og NAV-støtte til dei som blir råka av den feilslåtte politikken; dei vil heller bruke milliardar på å lappe på skadene folk er blitt påførte, i staden for å “ta vondet ved rota”.
Folk flest går til Frp – og sofaen
Mange av dei som sviktar AP og SP går no til Frp (og Høgre), eller dei har gitt opp å delta politisk I det heile. Berre eit fåtal går til partia på venstresida. Dette er litt av eit paradoks: Høgre og Frp kjempar for skattelette for dei rikaste (fjerne formueskatten, ein skatt som er på 1 – ein – prosent!). På ein utspekulert måte har Høgre makta å få folk til å synest synd på dei rikaste: Problemet er ikkje at fleire står i matkø, men korleis milliardærar opplever det å måtte betale 1 prosent formueskatt. Frp kan på si side innta folkelege strandpunkt i strømspørsmålet, men av erfaring veit vi at dei ikkje vil følge opp. For både H og Frp har privatisering som hjartesak.
Følgene blir dramatiske
Då Ottar Brox for snart 40 år sidan skreiv “Ta vare på Norge” såg han korleis høgrepartia, gjennom å avvikle sosialdemokratiske institusjonar, la til rette for den velståande middelklassa, med auka fattigdom og større skilnader som uungåeleg resultat. Mindre makt til folkevalde organ (Storting, kommunar), og gradvis demontering av fellesskapet sine institusjonar (pass på Vinmonopolet, NRK, lånekassa, heimfallsretten (vasskrafta), Råfisklova, Jordbruksoppgjeret, Husbanken/boligsamvirket, småkommunane, offentlege skolar, sjukehus og kommunal eldreomsorg!). Alt som gjer livet leveleg for så mange av oss kan kome spel frå neste haust av. Svekka (sosialdemokratiske) institusjonar aukar forskjellane mellom folk.
Ei tafatt venstreside
Men så såg Brox samstundes korleis venstresida var i ferd med å rote det til for seg sjølv. Ein ting er at venstresida fortsatt blir kopla til kommunisme i kommentarspaltene på sosiale media. Men langt verre er at delar av venstresida osar av akademisk sjøltilfredsheit, økologisk moralisme og arroganse. Og det gjer det ikkje lettare at så mange har sitt fokus på smale saker (flyktningar, urfolk, seksuelle minoritetar), mens store delar av arbeidarklassa og distriktsfolk si drift mot høgrepartia (og sofaen) går under radaren. Truleg for seint å gjere noko med dette uføret no, med tanke på Stortingsvalet neste år, men desto større grunn til å stålsette oss i forsvaret av dei institusjonane som i over hundre år har trygga levekåra for så godt som HEILE befolkninga.