Audgunn Oltedal er først til å opna seminaret.
Tilknytt tankesmia Populo. Er no ved ved fagsenteret ved OsloMet. Har vore redaktør i Ny Tid og journalist i NRK, seinare førstelektor i journalistikk ved OsloMet.
Erik Henningsen er andre opningsinnleiar.
Forskningsleiar ved Norsk Institutt for By- og Regionplanlegging (NIBR). Sosialantropolog, forskar nå på kulturliv og bedriftskultur.
Første bolk
Nanna Hauksdottir leier første bolk.
Tidlegare prodekan, nå emerita, ved Senter for helsefaglig pedagogisk utdanning ved UiT Norges arktiske universitet. Leidde helsefakultetet si satsing på tverrprofesjonell samarbeidslæring mellom helseprofesjonane.
Rune Slagstad held hovudforedraget om norsk venstrepopulisme.
Samfunnsdebattant, professor emeritus i samfunnsforsking, tidlegare forlagsredaktør i Pax, har hatt verv i Sosialistisk Venstreparti.
Mari Skurdal kommenterer Slagstad sitt innlegg.
Tidlegare lektor, journalist, og frå 2018 også redaktør, i Klassekampen.
Eirik Magnus Fuglestad spør om bygdepopulismen har forsvunne.
Har ein doktorgrad i historisk sosiologi, og er forskar ved Ruralis, som er eit uavhengig forskingsinstitutt innan rurale studier.
Bjørn Tore Blindheim tek opp korleis tenkemåtane til Brox kan ha vore,
Førsteamanuensis ved Institutt for medie- og samfunnsfag ved Universitetet i Stavanger. Han er særleg oppteken av kva organisasjoner er og gjer, og korleis vi kan tenke annleis om organisasjon og leiing i vår tid. Forfattar av boka «Organisasjon og ledelse i antropocen: Skisse til en naturnær teori om organisasjon»
Andre bolk
Anders Breidlid introduserer og leier andre bolk.
Professor ved OsloMet. Har allsidig bakgrunn frå internasjonalt akademisk arbeid om uland og utvikling, særleg i Afrika, og sist ved OsloMet.
Mofizur Rahman frå Bangla Desh presenterer konsekvensane av å feila i det å ta vare på kloden, sett frå dei mest sårbare si side.
Professor ved Department of Mass Communication and Journalism på universitetet i Dhaka, og er også mellom anna ein av grunnleggjarane av det internasjonale MediaClimate Network.
Frøya Skjold Sjursæther frå MDG innleier om globale perspektiv på klima og miljø.
Ho er 19 år, politisk nestleiar i Grøn Ungdom, og førstekandidat i Hordaland for MDG ved valet 2025. Dersom ho vert vald inn på Stortinget, vert ho den yngste politikaren der gjennom tidene.
Siri Helle spør om kva det gode liv på bygda kan vera.
Agronom og forfattar, og spesielt interessert i miljø, dyrevelferd, berekraftig matproduksjon og matbransjepolitikk. Ho er aktiv avisspaltist, fagbokforfattar, foredragshaldar og avløysar på gardsbruk.
Knut Onsager tek opp utviklingstrekk og berekraftutfordringar for småbyar og småbyregionar.
Samfunnsgeograf og forskar ved NIBR. Han har tidlegare arbeidd i Nordlandsforskning, og ein liten periode i Kommunal- og distriktsdepartementet. Nå leier han eit prosjekt på NIBR om småbyar og småbyregionar i distrikta.
Politikarinnleiingar:
Audun Herning
Partisekretær i SV. Tidlegare bakgrunn frå Noreg og Sudan som tilsett i Norsk Folkehjelp, og frå ulike politiske verv i SV.
Nils Forren
Leiar i Senterungdommen, og med bakgrunn frå lokalpolitikk og kommunestyre i Heim kommune, Trøndelag.
Helge Braathen
Nr. 8 på lista til Raudt i Oslo, og nominert til Oslo kommunes miljøpris for tverrpolitisk innsats for Bredtvetskogen, Redd Ullevål, restaurering av Huken pukkverk og Lindekollen.
Agnes Viljugrein
Vararepresentant for Oslo på Stortinget for AP og nr 4 på Ap si Oslo-liste til hausten. Har jobba i UngOrg og Norsk Folkehjelp, og er leiar av bydelsutvalet i Gamle Oslo.
Ingrid Liland
Nestleiar i MDG, og andrekandidat frå Oslo ved valet til hausten. Før ho vart nestleiar i MDG var ho medgrunnleggar og styreleiar for eit romfartsselskap. Ho har lang erfaring frå næringslivet som gründar og rådgjevar innan strategi, endring og leiingsprosessar, og brenn for innovasjon, næringsutvikling og omstilling til ein sirkulærøkonomi.
Debattleiar: Eva Nordlund
Journalist i Nationen, tidlegare kjend frå NRK.