Den 9.6 2026 la Andreas Hompland ut ei sak han laga i 2023 for Dag og Tid om populisme før og nå. Her er innleiinga:
DEN POPULISTISKE MÍMIR
Mimir Kristjansson er ein mangfoldig politikar. Han kan bli uvøren i kjeften i fylla. Saman med kjærasten blir han oppglødd av å lesa Bibelen. Han er politisk fingerferdig. Ideologisk er han vidtfemnande, som marxist, men også sjølerklært populist i arven etter Ottar Brox.
… og er er saka frå 2023:
FOLKEVILJEN I HØGRE- OG VENSTRE-HAM
Noko om det populistiske spøkelset, syndebukkar, grasrot, elitar og ideologiske prøvepakkar.
——–
NÅR VEKSTFORHOLDA ligg til rette, kan stormande aksjonsgrupper skyta opp som paddehattar etter politisk regn. Dei fleste blir kortliva: Den akutte saka går over, striden legg seg, eller gruppene løyser seg opp i interne motsetningar og personkampar. Noen aksjonar blir slusa inn i politiske parti, institusjonaliserer seg som fasttømra interesseorganisasjonar, eller konverterer til konsulentselskap.
POPULISTISKE ARBEIDSGRUPPER (PAG) stifta seg i Bergen i 1971. Utgangspunktet var eit radikalt styre i studentsamfunnet, sett saman av utbrytarar frå Venstre, kristensosialistar og element frå SF og ungdomspartia i det politiske sentrum. Dei var systemkritiske, økologiske, de-sentralistiske og anti-kapitalistiske, og med slike trådar vov dei ei tynn ideologisk prøvepakke. Dei ville driva lokale og utanom-parlamentariske aksjonar nedanfrå, og dei ville bygga alliansar i mange retningar. Dei såg kampen mot EF og for kysten som sine definerande og finaste stunder.
MERKELAPPEN HENTA DEI frå Ottar Brox: «Hva skjer i Nord-Norge?» Brox var inspirator og fråskreiv seg ikkje farskapet, men han tok ikkje på seg oppfostringsansvar. Sjølv var han aktiv i SF/SV, og då «populisme» blei eit stempel på Framstegspartiets retorikk og politikk, angra han at han hadde stått politisk fadder til begrepet.
EIN TRUFAST KJERNE har halde fast på den heilage populistiske anden og møttest i eit seminarerande fellesskap. Strevet fekk ein openberr skuv med Åse Linderborgs og Göran Greiders populistiske manifest for fem år sidan.
Resultatet av forsøket på å brøyta seg ein grøn rydning i den svartaste populistiske allmenningen, er den nye boka «Venstrepopulisme? JA!» Det er ein politisk veterankohort sitt testament, utan at dei vil vera emeritussete sjølvbedragarar frå ein episode i den forrige generasjon.
Denne avgangsklassen ville ha eit parlamentarisk panel til å svara på om det stadig er noko å henta i dei populistiske straumdraga, eller om det er ei historisk og tvilsam bakevje. Er det ei fånyttes jakt på det tapte, eller er det også sporet av ei ny tid?
GRUNNRENTE OG KAKSESKATT er midt i blinken for venstre-populistar, men dei var ikkje heldige med dagen. Då ur-PAG-arane presenterte boka på Litteraturhuset bak Slottsparken i hovudstaden Saigon, var parlamentarikarane låste fast til stortingsbenkane for å røysta over lakeskatten. Men då dei slapp laus, kom Ingrid Fiskaa (SV) og Mímir Kristjánsson (R) hastande innom med frie og folkestyrte vitnemål.
MÍMIR KOM, TALTE som venstre-populistisk folketribun og vann forsamlinga. Melodien var folket mot eliten i næringsliv og forvaltning – i motsetnad til høgre-populismens knefall for dei rike, med innvandrarar, feministar, akademikarar og kulturfolk som syndebukkar. Han nytta også høvet til å rydda seg eit idelogisk frirom mellom den autoritære bolsjeviktradisjonen og det teknokratiske og sentralistiske sosialdemokratiet.
Mimir stod fram som vedkjennande venstre-populist, men vil ikkje kalla seg det. Til det er ordet for tungt assosiert med vêrhaneaktig politikk og hatefull ytre-høgre-retorikk, og det er eit tungt etablert skjellsord i etablissementet og kommentariatet.
BYRÅSJEFEN MEINER ein skal mistru den som ikkje er litt nostalgisk. Men Raudt har jo nok av slekt og arvegods å stri med frå før, så han forstår at når dei i prinsipp-programmet stadig dreg på ei undersetning som hyllar det Marx kalla kommunisme, tar dei ikkje frivillig på seg plagsam populisme i tillegg – dei har nok med å klara ei bør.
LIK, MISLIK OG DEL. Dette er ein smakebit av denne vekas episode av Sideblikk i Dag og Tid. I fullversjonen på nett og papir, som alltid er best (dagogtid.no/tinging), er det meir om den hybride og virtuelle ideologen Karl Populos, Ottars reise, grøn sosialisme for utkantproletarar, mot-ekspertise og populistisk argumentasjon. Og som bonus eit sitat frå Raudts energiske talerøyr Sofie Marhaug.
Her er bileta som Andreas la ut på FB saman med tekstane:

Starstruck, sa Mímir Kristjánsson

Ottar Brox, antakeleg på 1970-talet.

Dette er forsidebiletet på boka Venstrepopulisme? JA!, red. Oltedal m. fl. Hartvig Sætra i front.

Gunnar Skirbekk, professor i filosofi ved Universitetet i Bergen på den tida då Brox var der og PAG vart stifta.
Legg igjen en kommentar